Helsing til medlemmene i Tau Bedehus

Nå er eit nytt arbeidsår over på Tau Bedehus. Det har vore eit travelt år med mykje aktivitetar.
Mange er engasjert i det ulike arbeidet, og det set eg stor pris på. Eg syns det er flott at huset
er i bruk stort sett kvar dag.

Til dei forskjellige styra og kontaktpersonar som driv arbeidet på huset vil eg oppmuntre til å
stå på. Det er kjempeflott alt arbeidet som blir gjordt. Så syns eg det flott at arbeidet er så
forskjellig slik at forskjellige folk kan få høyra at Jesus død på korset akkurat for dei, og at
veien til himmelen er opna av Jesus.

Den store saka dette året har vore utbygging av huset. Det er mange ting å ta stilling til når vi
bygger nytt og mange små detaljer er ikkje avklart i planleggjinga. Det er og mange brukarar
og mange forskjellige meiningar. Vi prøver å ta dei beste avgjeringane på kort og lang sikt.
Og mange gonger må vi ta eit kompromis. Den store debatten den siste tida har vore korleis vi
skal møblere nybygget. Her blir det sikkert også eit kompromis mellom ulike meiningar og
økonomi.

Eg vil rette ein stor takk til alle som bidreg til utbygginga. Eg håpar folk får eit eigarforhold til
huset ved å vera med å bygge det. Det blir nå ein stor utfordring å drive eit større hus. Dette
vil koste meir i straum og vedlikehold. Det vil også kreve meir arbeid til vask og vedlikehold.
Vi har stor tru på at huset skal bli tjeneleg til mange forskjellige aktiviteter. Vi bed Gud
velsigne huset og arbeidet.

Vi har dette året vore utsett for innbrudd. Det er svært beklageleg at slikt skjer. Døra i
kjellaren blei øydelagt og forsterkar i hovedsal + nokre småting blei borte. Bassgitar kom til
rette igjen. Det er dumt å bruke tid på slikt arbeid, men økonomisk har vi fått dekka det meste
av forsikringsselskapet. Vi vil sette inn innbruddsalarm i heile huset. Dette kan bli litt
tungvint i bruk med kode og slikt, men er ein nødvendighet. Huset blir også sikra med
brannvarslingsanlegg, som er eit krav frå brannvesenet.

Tauområdet er i vekst og det kan arbeidet på bedehuset også vera. Er tida inne for å planlegge
ny storsal?? eller er vi fornøyd med det vi nå har bygd?

Til slutt vil eg rette ein stor takk til styret som har vore med meg dette året. Alle har gjordt ein
kjempeinnsats og eg har fått delt mykje av ansvaret med dei. Takk til dei som nå trekker seg
og velkommen til dei nye som blir valgt.

Gud velsigna dykk alle.

Arne Helleland
Formann