Innkalling
Hilsen fra formannen
Årsmelding for 2007
Regnskap for 2007
Årsmøte Tau Bedehus 28.01.2008
Referat
Det var samla ca. 50 personar til årsmøte på bedehuset.
Ole André Straume ønskte velkomne og orienterte kort om arbeidet på Bedehuset siste året. Jofrid Hetland Vik held andakt før maten.
Vi gjekk så over til årsmøtedelen.
SAK 1: Val av møteleiar. Forslag: Ole André Straume. Einstemmig.
SAK 2: Val av referent: Forslag: Aslaug Elin S. Kleven. Einstemmig.
SAK 3: Val av 2 til å skrive under protokollen: Forslag: Bodil Sande Turøy og Magne Grødem. Einstemmig.
SAK 4: Årsmelding. Aslaug Elin S. Kleven las opp årsmelding for 2007 for Andreas Bull som melde forfall. Godkjend.
SAK 5: Rekneskap. Heidi Skårland la fram rekneskapet for 2007. Godkjend.
Sak 6: Val av 3 representantar til styret, ein vararepresentant og ein revisor.
Heidi Skårland, Carl A. Nilsson og Ragnvald Stople går ut av styret og sa nei til attval. Aslaug Elin Kleven sa ja til attval.
Styret sitt forslag til nye kandidatar: Kari Fiskå, Kristin Nordbø og Eyvind Vik.
Forsamlinga hadde ingen forslag. Kandidatane blei valde ved val. Kari Fiskå, Eyvind Vik og Aslaug Elin Kleven blei styremedlemmer og Kristin Nordbø blei varamann.
Bjørn Midtbø blei gjenvalt som revisor.
Dei som gjekk ut av styret fekk blomar og takk av formann.
SAK 7 Samtale om arbeidet/ eventuelt
- Valkomite for 2008: Arne Helleland går ut. Knut Skårland og Aud Veland blir sitjande i eit og to år til. Heidi Skårland blei vald inn ved akklamasjon.
- Ole Andre`Straume la fram komiteen sitt forslag til ny frontvegg/podie framme i møtesal. Les forslaget her. Årsmøte gav uttrykk for at det ser interssant og spennande ut. Mange kom med kommentarar og synspunkt. Årsmøtet gir styret fullmakt til å setje i gang arbeid med nytt podie når vi har samla inn nok pengar til det. Kr.70 000,- Innsamlinga vil skje ved at ein sender ut brev til medlemmane og ber om merka pengegåver.
- Songlisens. Ved bruk av power point og songar på storskjerm bør vi betale ei avgift for dei songane vi brukar. Dette vil styret undersøkje nærmare og ta stilling til.
Det var eit fint årsmøte, mange saker blei tatt opp og samtalt om. Styret fekk mange nyttige synspunkt frå forsamlinga.
Vi fekk inn kr. i kollekt.
Aslaug Elin S. Kleven -ref.-